Bannare gapen! Velkomen te blåggen so tek føre seg ORD - UTTRYKK - og LØGNE AORDALSNABN. Aordal (Årdal), e ei bygd so e pressa ned i eit dalføre, innst i Sogn. Bygdi e kjent fø sitt mangfold av lokale ord og uttrykk - høgrøysta folkeslag - sladder og fanskap og ikkje minst fabrikken so koka lettmetal. So slao eit slag fø bygdi din dretnakke og ver me på laga den faitaste dialektblåggen på fleire sekel.....Du høyrte ke e sa?..bannare gapen!
21. apr. 2008
Homlepong
Homlepong= Homlepong eller humlepung var "påsen" som dei la humle (blomst og kongler - det som gjev bittersmaken)i når dei bryggja øl. Omtrent som ein tepåse (bitte liten striesekk). I dag brukar me det mest som eit godt meint skjellsord - vetle homlepongen! (Innlegg frå lesar)
11. apr. 2008
Odd Tore går til poesien
Odd Tore Moen jobbar i desse dagar saman med produsent Joacim Styve og den nyskapande diktaren Per Kristian Kopperdal. Ei komplett diktsamling på ekta bugdamaol skal no verte å få på cd. " Odd Tore var ei stemme midt i blinken for mine dikt" - seier Per K. Kopperdal til Aordal. I fyrste omgang vert det eit lite opplag på rund 160 - 170.000, i Noreg. Vert dette godt motteke, ventar ein landsomfattande turné. Aordal har fått ein liten smak på verket, her kan du høyre " Fest i Avdalen"....
Abonner på:
Innlegg (Atom)