21. des. 2007

Rek

Rek= å driva/farta rundt. "Skaru på rek?","drivru berre å reke?"

Sarv

Sarv= dårlege greie. Kan og brukast om tilstanden etter ei fuktig helg, "eg e heilt sarva".

5. des. 2007

Ne´på nese´

Ne´på nese´= Addle so ikkje bur på nese´ naor dai ska ne´på nese´ ( torget i øvre ).

Kemsi? Nåkkensi og Kårsi

Kemsi? Nåkkensi og Kårsi= Kemsi huva sa ru re va? Ekje re nåkkensi? Dei hadde vel kårsi?

Oppøve`

Oppøve`= Addle so bur på Farnes ska "oppøve´" no rai ska på tårge

Hiske

Hiske= ord brukt om noko som er voldsomt/gale/stort. " Høyrt so hiske ra! "

Makk i fåy

Makk i fåy= eit ofte stillt spørsmål til ein uroleg person. "Haru makk i fåy elle?"

Skåtlåka

Skåtlåka= brukt om ein person som ikkje har tid til å settja seg ned. Drive me noko støtt. Sjå makk i fåy

Faingsla i eit faingsel

Faingsla i eit faingsel= naor du mao sikkja inne fø å ha brote me låvi!

Gaokje´an

Gaokje´an= brukt om noko som er heilt umogeleg å fao t

Låssna

Låssna=om noko som e blitt laust

4. nov. 2007

13. sep. 2007

Pittla

Pittla= gå/reisa/rusla/stikka/pigga/trakka. Pittla seg heimatt= reisa heimatt

Leiggevatn

Leiggevatn= brukt i håret. Fifti fifti vatn og brennevin. Fø å fao rette faSSongen og go´lukt. Helgesta´n va ein kløppar med leiggevatn.

Kåddn

Kåddn= korn

6. juli 2007

Daisa

Daisa=å koma borti noko (daisa borti),kan og seiast om du sler til nokon..."Deiste te han midt møddlo augedn".

Sagt på bygdi...

Westerviken. I denna bui fanst det ALT (Aordal sitt svar på Skippagurra Sport og Propan). Nåkken gutonga skulde ha kniv. Speidarkniv. Ein fekk an i to utgåve: reu elde blao heilt øvst på skaftet. Westerviken hadde høge hødle der knivadn va øfst og måtte bruka gardintråpp må veta. Ikkje spøk det før ein eldre kar m trebein. Gutongadn vilde ha blao kniv. To stykkje. W. te å klyva og fann fram to ao rette sorten, men det va feil. W. te å klyva oppatt m blaoe kniva og henta reue. Kom nedatt m reu og trukjeru dei vilde ha blaoe kniva låll! Dao vare nokk: W tok ein kniv or slira, hivde trebeinet aover disken og stakk fast kniven so an sto å dirra. Dei kjøffte to reue kniva.

2. juni 2007

Vesla

Vesla=å veksla. Eks: Fao vesla ein tiar jao`reg

Skjèrn

Skjèrn=saks

Sos

Sos=saus. Eks: Brun sos=brun saus

Inkort

Inkort=noko. Eks: Inkort støtt= noko so skjer heilr tid

Førkjongen

Førkjongen=ein so e vetlevaksen. Eks: Sjao han førkjongen

Brokadritn

Brokadritn=brukt som skjelsord om ein som oppfattast som tosk

Hundereia

Hundereia=når ain ha fått skappele me juling/daing

Uveta

Uveta=besvima

1. juni 2007

Drygan te sia

Drygan te sia= å utsette noko til seinare

Kålatjuven

Kålatjuven= sagt om ein so tjuvlåna feks ein penn eller noko smaott, dao ere fort eigarn kan sei, "øy du, bannare kålatjuven"

Surmula

Surmula=å vere sur/gå rundt å furta

31. mai 2007

Guddlande reint

Guddlande reint=skinande reint

So seie rei...

Vakje skårn før tungebåndet= om ein so snakka mykje

Lika låll

Lika låll=likevel

Kovna

Kovna=ein tilstand, når du e overoppheta/varm. Eks: e trur e kovna!

Te rettes

Te rettes=komma på plass att/komma i hus

Rukaka

Rukaka=kyradrit

Snaope

Snaope=ere snaope so ere lettvint badn

Unaope

Unaope=om noko so e flott

Snedde..Sneddn..Sneddi

Snedde..Sneddn..Sneddi=om noko eller nokon so e fin/fint/enkelt og greitt.

26. mai 2007

Bala felt

Bala felt=når du ikkje heilt får t det du driv på med, dao bala ru ja.

23. mai 2007

Kjiddnan

Kjiddnan=brukt i samanheng med feks starting av ev ein moTTor. Startar du moPPedn med "kicken" so kan du sei at du kjiddnan. (kjiddna smår e noko anna).

Kjittla og kjittlaug

Kjittla=kilen. Eru kjittlaug so likakje du å bli kjittla

22. mai 2007

Abert

Abert=om noko som tek tid eller e litt styr å få te`...aber/abert.

18. mai 2007

So seie rei...

Stao pao råta (i slaobaddl)

Ei nøgla

Ei nøgla=Propp i bottn pao gamle trebaota

Skåthedla

Skåthedla=Stein so vart brukt te å kasta på boks.

Ei årt

Ei årt=ei ert

Fakedl

Fakedl=finare ord for "fan". Maoru fakedl sjao`te få vølt denna baotn snart.

Raspande galen

Raspande galen=klin gal

E fer i att å ha gløymt noke

E fer i att å ha gløymt noke=eg trur eg har gløymt noko

Halvgrøyta

Halvgrøyta=mellomting av suppe og graut. Uttalast med stum v "halgrøyta".

Tuddlete`ette

Tuddlete`ette=å vera svært glad i ein spesiell ting,..mat,snop,rommegraut,staikjels e.l.

11. mai 2007

Vanta

Vanta= mangla. Eks. E mao på bui, kjeringi vanta smår te låfseklingen:)

10. mai 2007

9. mai 2007

Brokalasset

Brokalasset=fulle bukselommer. Sagt om ein på verket som gjekk rundt med ei halv verktøykasse i lommedn på arbeidsbuksa.

3. mai 2007

Skåta sto tao kjeftn

Skåta sto tao kjeftn=når ein feks nys kraftig utan å halde seg for munn, da kjem ei sky av fuktige partiklar.Anna ord i samma klasse.."Gåv/gåve sto tao kjeftn".

Kneråtn

Kneråtn=om ein so e slapp/lat/giddalus/pukk råtn. Kan og vere ein fysisk tilstand-da om ein har gått mykje i nedoverbakke og blir "mo"i knedn, da kan ein fort bli kneråtn

26. apr. 2007

No kjem eg i hug

No kjem eg i hug=no hugsar eg. Eks: E kjem i hug den gongi e va på soting i Å3....

25. apr. 2007

Lydklipp-"Hofslundsengen VS Solberg´en"

Elevar ved ÅVG driv gjøn med to køyrelærarar ved å ringe opp desse karane samtidig fra to telefonar som er vendt mot kvarandre og med SKJULT NUMMER!!!Forvirring oppstaor..kan du sei:)Høyr den breie sogndalsdialekten, detta e ekta og breitt GRAUTMAOL.

Bygdaboki-sitat

E ska førplitta (forbanna) me pao at ei ao dessa gamlekaradn tok tie frutta fatle, o resla kjakaskruvledn ( kjakane ) o vølt flin pao dessa naojøsi so fære her o skreva no.

Kadl

Kadl=mann

24. apr. 2007

Slobryja

Slobryja=negativt ord, bli brukt om å beskriva folk, helst damer. Eks: "Ho kunde ha vaska sjål, denna slobryja",..sa vaskehjålpi.

Under styrten

Under styrten=i dusjen

Ebbedus

Ebbedus/i bedus= å vera usikker på/om noko

23. apr. 2007

Fara nasa

Fara nasa=spionera

Sildemegen

Sildemegen=brukt om ein person som e tunn/liten/spinkel

Hebbna seg

Hebbna seg=hevna seg

Fjelga seg

Fjelga seg=pynta seg

Buddlebøtta

Buddlebøtta=oppi denna e buddlevatn (vaskevatn)

Buddlevatn

Buddlevatn=vaskevatn

Jaffsa i seg

Jaffsa i seg=når ein ete som grisedn/ete voldsomt

E ska ne'att på Fåy

E ska ne'att på Fåy=e ska ne'att på Tangen. Fåy vart ofte brukt i staden for Tangen (Årdalstangen).

Strykejådn

Strykejådn=strykejern

19. apr. 2007

E hara paing

E hara paing=eg har pengar nok

Pikken-Ståpikken-Dåktarpikken

Pikken=ein barneleik, og kjent som "sisten".

Plugga skodn

Plugga skodn= dao rei i gamledaga skulle skifta sole på skodn so måtte dei pluggast. Fyst laga dei hol fø so å setta inn trepluggar. So fukta dei trepluggadn med vatn slek at pluggadn utvia se....sat so ei kula.

Sitta å kopa

Sitta å kopa=sitta å ikkje gjere noko/ikkje gjera ein drit

13. apr. 2007

Tare med tål

Tare med tål=ta det med ro

Kraoi

Kraoi=kroken.Vert brukt om ein krok/hjørne innandørs i eit hus. eks: Sjao borti kraoi om du finn føttledn has far.

12. apr. 2007

Sutaslaust

Sutaslaust=når ting ikkje noko stress/heft, da ere sutaslaust.

Å vera berusa i Aordal

Stadie 1: Fin i farten
Stadie 2: Godt paoan
Stadie 3: Godt pao ain snurr
Stadie 4: Møk fuddl
Stadie 5: Hailt ne'aott

Kjingsprettert

Kjingsprettert=heimelaga leiketøy laga av ei Y-grein eller av tjukk straing. Kjingen e sjølve "prosjektilet" og e laga av bøygd spikar eller elektrokabel.Kjingen vert festa til ein strikk (raud norgesstrikk). Elefantkjing var ein type kjing laga av gul/grøn jordingskabel.

11. apr. 2007

Attleingjes

Attleingjes= bakover

Maondan, tysdan og onsdan

Maondan, tysdan og onsdan=den eldre varianten pao vekedagadn.

Sagt på bygdi...

Jenta so skulle kjøpa seg snop på kiosken saman med veninna si. So seie dama bak disken, "Ska ikkje ho ha noko da?" (om veninna te denna jenta). Dao svara jenta,"Ho hi ho ha ho"!

10. apr. 2007

30. mars 2007

Sjonga

Sjonga=synga. Adle i Aordal Mannskor seie sjonga

Trave

Ein trave=ein so e ulydig/gjere ting so ikkje e riktig. Mest brukt slek: Føbannare traven

28. mars 2007

Faonyttes

Faonyttes=når ein ha streva på/ofra mykje utan å oppnå hensikten

23. mars 2007

...holdt e på å sei

...holdt e på å sei= ein ubrukeleg ending i ein setnig som desverre e brukt øve heile landet. Når du avsluttar med "holdt e på å sei" so haru allereie SAGT det som du "holdt på å sei". Eks: Ho mor sparka meir elle mindre te støvsugarn holdt e på å sei...Du holdt ikkje på å sei ho sparka te støvsugarn..DU HAR ALLEREIE SAGT DET!! Konklusjon-eit ord utan mål å meining!

Ileinjast

Ileinjast=å reinjast, sutra, kranglevoren

Patentdrag

Patentdrag=glidelås

Knabba

Knabba=stjela/ta

Stremben

Stremben=når ein ha oppblåst mage/fuddl i magen, dao eru stremben

Mara

Mara/reine mara=når noko e vanskeleg/tungt, eks: det va raine mara å komma seg opp Brendeteigen

22. mars 2007

Taoa baddl

Taoa baddl= sparka ein ball med skotuppen. Sagt mykje pao Jotun Stadion.

19. mars 2007

Sniddl so eit lamb

Sniddl so eit lamb=sagt om persona re ikkje e mykje ilt i

Setlaboki vs Portmanien

Setlabok=paingabok. Portmanien=litn paingapong med klaff, t å ha smaomynt og ein paperpaing elle to i.

Skarveføssa

Skarveføssa=dårle te beins

Kraigda

Kraigda=Meslingar, ein barnesjukdom

Smaobråten

Smaobråten=spe beinbygning

Narvaradn

Ragging. På 80-talet va re Narvaradn so sto fø denna aktiviteten. Narvaradn= dei so
kjøyrde bilen mødlo torget og Narvesen.

Ein sløyngjetur

Ein sløyngjetur/ein drivarstur=ein tur utan eit mål

Han kjøyrde kar i hagen

Han kjøyrde kar i hagen=kjåyrde or vegen

e o sjeu no ra?

e o sjeu no ra?= når du spør ko masse klokka e, om ho e 19.00 elle 07.00.

Unaodig

Unaodig=utålmodig

Rannsedl

Rannsedl=ryggsekk

Harejakt frutta hare

Det va ein dei sa so kom att frå harejakt i Eldegarden. Sur. Dårleg vær. So sa han: "e strøvla, hadde me i venda og det gjekk av eit skot".
Men sa han naboen: " ja, men det kankje ha vore so dårleg fø sekken ser tung". Ja sa han jegern.." det e hunden det. Han vare einaste e skaut"
Altso: han kommat frao harejakt frutta hare.

18. mars 2007

So seie rei...

Ein famile fra Aordal på camping i Damnark da ein dansk gut spørte minstn om han ville bli me å hoppa strikk. So svara minstn utan å laigga om "Ja,men harikka merikka strikk ra?".

Sagt på bygdi...

Nåsen ja. Spørd an i 79 om ikkje an kunde ta inn siste plata te Pink Floyd. Jau han hadde prøft det men ho vart utseld me ei gong so det vakje re nåkken vits i.

Mårken

Mårken=sagt om ting som byrja gå i oppløysing. Eks. ein pakning eller gummistrikk so ha møsta elastisitetn.

Jedna

Jedna=kanskje

17. mars 2007

So seie rei...

Jaja, du e i bygdi? Standard spørsmål i Aordal om du ikkje e av typen so sit på Bruflat-tråppi heile dagen.

15. mars 2007

Å ikkje huksa tebake te rævi si

Å ikkje huksa tebake te rævi si=å ikkje huksa noko

Sån te Nåsn

Sån te Nåsn(Nåsen)=eit ord ofta brukt i heilt spesielle settinga,når feks. når to står å snakka saman og ein fyr dei aldri ha sett før sykla føbi og den ein spør hin "detta e føein da?", so svara hin som heller ikkje veit kem detta e. "nei ekjere sån te Nåsn da ha?". Nils Nåsen var ein skomakar som og hadde ei musikksjappa i Øvre, men han hadde ikkje nokon sån.Nokon som veit keffør dette ofte vert sagt?

14. mars 2007

Sauestirrn

Sauestirrn= eit fenomen, når hjarna koplar ut og ein dett inn i ein slags transe og vert stirrande på samme punkt. Varar ikkje so lenge, men kan følast avslappande og godt. Østafør har dei ikkje noko ord for dette fenomenet.

E saog re pao na

E saog re pao na= eg såg det på ho.

Kløyva

Kløyva=dele noko i fleire deler

Klyva

Klyva=klatra

Trantn

Trantn=uttrykk før kjeften (munn). ”Han fekk seg ein på trantn”. Ofte nytta når forteljaren meinte han fekk som fortjent

Me broki pao heladn

Me broki pao heladn=buksa heng svært langt nede. Ikkje sagging, men jedna ein so må ta rømmen ete å ha vorte ’teke på fersken’ me feil kjering.

Fekk lepe

Fekk lepe=2-delt betyding. Om ein so jedna (og svært misslykka) prøve å skjula sin skuffelse. Men å ein som ha fått eitt i kjeften (slag) som visa (opphåvna)

Bakevja

Bakevja=jåymt/bakerst i rekka.Eller å ligga på etterskudd med noko

13. mars 2007

Fyrbøtar


Fyrbøtar=peispustar. Redskap for å blese luft inn i peisn for å få re te å fattna skikkele

So seie rei...

Veit du...so kom han veit du,...saog se ikkje føre, veit du...men, veit du...bøkkste øve treppedn,veit du...
VEIT DU= to ord som på ein elle anna måte vert overdreve mykje sagt i løpe av ein samtale. Haru tenkt øve detta sjøl? nei vel...tel neste gong du ska fortelja nokon ei skrøna so seru, veit du.

Kjakadn

Kjakadn=kinnet

Rivjådn

Rivjådn=rivjern. Eit redskap eller brukt om ein so e flink te å jobba (ein jevel te å jobba)

Jålebroki

Jålebroki=om ein person so e overdreven oppteken av utsjånad og kle

Segmegen

Segmegen= brukt om ein person som er treig

Eru gra ra?

Eru gra ra?= å spørja om ein person er kåt/sugen/hyppen. (spørje kjeringi om ho er sugen på grovraspi)

Spela på slurva


Spela på slurva= spela på lepadn. Slurva kan og brukast om ein so gjer dårle arbeid.

Sleur

Sleur= ein so gjer fan i alt. Ordet Splint kan og nyttast

Jesì

Jesì= brukt om ei dør/vindauge som ikkje er tett (trekk). Eller om glaset/døri e treige å opna/leta att.

Håddn

Håddn=horn (som i musikkinstrument eller dyregevir)

Buste-elsa


Buste-elsa= jente med "soveheddna". Uttalast "bustelsa".

Slevkjeppen

Slevkjeppen=samma so boddlOrdet er ikkje brukt av "dei so bygde bygdi"!

So seie rei...

Haru kløft deg? (kløpt). Haru kjøft ny mott-or? (kjøpt). Måru balbera reg ra kar! (barbera)

Å lesta so

Å lesta so= å late som

Ilt

ilt= å ha vondt. Brukast i dagletale av aordøle. Prøv sei te ein riksmaoltalande kar at du "ha so ilt i rævi",...hva er det du sier?

Bodnabodn og Sysjenbodn

Bodnabodn og Sysjenbodn=barnebarn og søskenbarn. Du besta du besta,ere løge boddnaboddni dine ikkje heilt føstaor ke ru seie?!

Ja ja, ..det e no so det

Ja ja, ..det e no so det= ein standard kommentar so bli mykje brukt når ein prøve eit tappert forsøk på å starta ein dialog utan å ha eit kløyva ord å snakka om. Ofta sagt i FRISS-ØR-stolen når de bli altfø stilt i lokk-ale eller når du treffe ein klassekamerat du pleidde klinka kule me for 30 år sia.Den gongi de ikkje va lov å laga GROP når ein klinka kule..,men men, det e no so det.

Tomlebroki

Tomlebroki= vimsete person. Kjem av ordet "tomla"

12. mars 2007

Noko so gnege meg

Gnege= noko so plagar ein. Eks: Detta gnege meg slek att....Detta gnog han noko so inn i hampastaurn.

11. mars 2007

Fese

Fese= å ha sleppt bak/sleppt ein fis. Bøygning av verbet: å fisa, fis, feis, FESE.

Sagt på bygdi...

Ein Sogndøl i musikarmiljøet vart spurt på ein spelejobb om han ville ha ein sjokolade t kaffien, og sogndølen svara: "Japp, det ska vera Snikkers og Twist!" (ja, det ska vera sikkert og vist).

Sorpbrett

Sorpbrett=feiebrett

å sigla, no siglar me, i jaor so SAGL me

Sagl= aka/aking...eks: I jaor so sagl me pao sveddlula

Kjøving

Kjøving=brukt når isen på vatnet bygge seg opp gradvis....eks: "Voldsomt mykje kjøving no"

Brokafåy


Brokafåy=buksebaken

Pissn

Pissn=tissefantn. Mest sagt av dei veldig unge. Vart mykje brukt på 80-talet, usikker om dretungadn bruka dette ordet i dag.

10. mars 2007

Jais & Dretjais

Jais=lukt...., eks: han supa so mykje kånjakk, sat der med den dretjaisn ( dårleg ånde )

So seie rei..

Mopp-ed, Hell-ikopter, kakk-ao, agg-urk, bann-an, sall-ami, mott-or, bill-ettn, telle-fon, tapp-et. He e re masse ord, og "dei so bygde bygdi" legg ofta inn ein eksra bokstav som gjev eit trykk midt i uttalelsn.

Raia

Raia=rista...eks: e raia han so håsadn dingla

Kjyla

Kjyla/kjylte= slå... eks: eg kjylte t han midt i eistedn

Ho e so vidløftig

Ho e so vidløftig= ja ke e ho? hjelp!!

Gud naoe meg

Gud naoe meg= gud nåde meg

E fata tak i han

E fata tak i han= eg tok tak i han

Fatna

Fatna= å ta fyr/byrja brenna

Nasabjåddn

Nasabjåddn= ein stor snårebuddl med haor pao

9. mars 2007

Svainsken

Svainsken= ein person frao sverje (Sverige)

Buddlever

Buddlever= Kan både tyde dårleg ver, sipraign og ein som sler ut noko, t.d øl på bordet eller på andre

7. mars 2007

"Drita i bestbroki mi"

"Drita i bestbroki mi"=eit uttrykk som vert brukt når dei foreksempel ska sei att "detta trukje eg du faor te"...feks..."vis han kjemme pao jobb tidsnok so ska eg drita i bestbroki mi"Ein anna variant av utrykket - "e ska vaoga fåy mi".

6. mars 2007

Jåyla

Jåyla= ein "litt galen" person. (kom med innspel på denna, PLIS)

Verleik


Verleik=vert brukt om ein kar som ikkje er til å lita på. Mest brukt i denne samanheng: "Forbannare verleik". Ein "verleik" e egentleg ein slik so stod på pipedn før, so snudde seg etter vinden (andre stader kalla ein det gjerne verhane).
Naor ein brukte ordet verleik om ein kar, meinte ein at han ikkje var til å lita på.
ein so snudde seg etter vinden. Men også mykje brukt som eit generelt nedlatande uttrykk om ein annan mann. Ein som ein ikkje likte.

5. mars 2007

Trast

Trast=snarast

Sagt på bygdi...

Ein kar trefte ein annan kar på bui ette stafettrykket te Northug. So sa han eine t han hin: De va fan'ikkje ein kvit mann so hadde følt an:>.......(dao eru rask)

Gnetn

Gnetn=ein so ikkje bruka paing men sølta ne millionadn. Me kan og kalla han ein gnetabog

Kjøyna

Kjøyna=kvisa

Fresk

Fresk=rask

Runn'era

Runn'era=å øydelegga noko

Stikkedaose

Stikkedaose= fyrstikkøskja

Tusken

Tusken=å vera litt lei seg (pjusken)

Saumfara

Saumfara=å studera noko grundig

Vøla

Vøla=å ordna

Bekara

Bekara=skisko. Kem ha vel ikkje hatt eit par svarte bekara, type kvite striper på siedn og som flassar farge!?

1. mars 2007

Sagt på bygdi...

Høg fuktluftigheit i dag= mja.., ikkje so langt unna, men fort å blinksa når d e høg luftfuktigheit!

Sagt på bygdi...

Oksiantidanta= nesten riktig, men ska vel vera Antioksidanta.

Sagt på bygdi...

Tragedisk= ein miks av Tragisk og Tragedie, men ikkje verst låll.

28. feb. 2007

Mjaoryggen

Mjaoryggen= eit ord som kan brukast t alt. Eit ord kun brukt av ein lokal vennegjeng i Aordal. Ordet "mjaoryggen" e og brukt i ein lokal sang, samt blitt brukt som nabn på ein robåt i Børtnes.

Mostra

Mostra= å klaga/syta

23. feb. 2007

DEI HA DÅTTE MYKJE !

Ein lesar her på Blåggen har registrert at det e utruleg mange uttrykk for dårleg føre og det Å DETTA ! Han ha difor ein konklusjon:.. me veit fint lite om desse forfedredn våre men ein ting e sikkert: DEI HA DÅTTE MYKJE !

Finn deg ei fjål før føy

Finn deg ei fjål før føy=SETT DEG !

Han gjekk se nasagruves

Han gjekk se nasagruves=strøvla=detta

Strøvla

Å strøvla=å detta

Meir om ordet spøt

Meir om ordet spøt=ha og vore brukt om rulletobakk. Å spøta seg ein røyk/elde å baddla se ein gust.

Han, råtastøyten!

Han, råtastøyten!=om ein særs lat mann.

Å koddla se

Å koddla se=å legga seg

Ein rupesekk

Ein rupesekk=ryggsekk

Ein raiggnhatt

Ein raiggnhatt=paraply

Livsykja

Livsykja=diaré og eller oppkast

Krank

Krank=sjuk

Aoverdårle

Aoverdårle=særs dårlege greie

Bridleprest

Bridleprest=nedlatande om ein so bruka bridle

Trekka stutt

Trekka stutt=ei kort og ei lang fyrstikk for å avgjera noko

Augnebrunedn

Augnebrunedn=haorvekstn øve augedn so ser ut so ein bart

Tattadn

Tattadn=kassaapparatet t damedn

Å vomba se

Å vomba se=drikka, og då særs mykje! Vombi=magen

22. feb. 2007

Lukst

Lukst=brukt i forbindelse med å be nokon reisa langt vekk..eks: du kan dra lukst t helvete.

Jakedl

Jakedl=jeksel

Taoa

Taoa=når isen e vekke frao vegadn og d e bar asfalt.

Attpaoklatt

Attpaoklatt=ny bror/syste so vert fødd leinge itte hine

Braona

Braona=smelta, for eksempel braona smår

Treneve

Treneve=Ein som ikkje duge te praktisk arbeid, som snikring..

Kjåddn

Kjåddn=Eit lite vatn

Smaolaoten

Smaolaoten=Beskjeden, ein so ikkje gjere so mykje ao seg

Ei lang ei

Ei lang ei=Pilsflaska, type stor

Murarpils

Murarpils=Leskedrikk for tyste murarar. Heilt naudsynt for å få murane beine og for å oppretthalda innsatsen.

Kupa

Kupa=Pott, for eksempel i kortspel. Ei stor kupa.

Turrskodd

Turrskodd=Betyr å koma seg over bekk/elv/vatn og liknande utan å verta blaut

Turr bak øyredn

Turr bak øyredn=Brukt i samanhangen, Han ekje turr bak øyredn= uerfaren

Oterbris

Oterbris=Litt vind, perfekt for oterfiske. Går frå blekkstilt te det bles kvitt.

21. feb. 2007

Histen og pisten

Histen og pisten=her og der

Lang rygg med hål i

Lang rygg med hål i=Ein som ikkje ha røv

Tømma ryggen

Tømma ryggen=Drita

Sila vatne tao pottetedn

Sila vatne tao pottetedn=Pissa

Pissespråtta

Pissespråtta=Hålet i undebroki elde stilongsen som båddl skal ut jåno når guta ska pissa.

Åskefis

Åskefis=Attpåklatt

Å gao i halveina

Å gao i halveina=Å gå på skrå i/over ein bakke. Typisk nytta på fjellet. Her va re ilt å gao, maotte gao i halveina heile vegen.

Bomba

Bomba=Spesialrett som ein kjøfte på kiosken, kosta 1 krona og 50 øre. Pølsebrød med løk, ketsjupp og sennepp.

Tepa'kje nepå

Tepa'kje nepå=Tok ikkje nedi, ofta brukt om ein person som e litt høgt på strå, eller stolt øve eit elde anna

Plistreebne

Plistreebne=Ein person med lange tynne føte, eller generelt tynn person.

Trebjåddn

Trebjåddn=Ekorn

Spela heimatte

Spela heimatte=Brukt på Tennegranden, spela opp mot gamle folkets hus, mot Stova. Reint fotballuttrykk. Viktig å spela heimatte i 2. Omgang!

Blaofråsen

Blaofråsen=dao e ru kald og frys noko so inn i heite helvete!

Sifåa

Sifåa=Siræva, eller "saggebroktendensa" i dagens daglegtale.Sifåa betyr og sjålsakt treg

Kverrsviddli

Kverrsviddli=ei alvorleg hostekula

Kvetedl

Kvetedl=teppe

20. feb. 2007

Styggetrodle

Styggetrodle=ein person som e litt fantete.

Hampanakke

Hampanakke=ein "luring" so gjere noko lite lurt elde løge.

Ragg

Ragg=Olabil/kassebil. Vart mykje brukt av 75-78 generasjon Dalingar når dei skulle bygga kassebil. Eks: Ut å ragga ra? Ska me bygga ragg/raggis?

19. feb. 2007

Ei blesa

Ei blesa= dårleg passning/dårleg baddl! I gamle daga va det ein lærbaddl, skikkeleg vasstrekt og med litt fø lite luft.

Etlat ein måle

Etlat ein måle=legg att ein bete/løyva. Eks: Etlat ein måle t meg å (legg att ein bete t meg og...)

16. feb. 2007

Kjølpa

Kjølpa: stor arbeidsøkt

Du din fråstbåge

Fråstbåge: ein so ikkje tåle kulde/ein so frys. Slit ofta med nagglespretta=frost i fingertuppadn

Ilt i åkksli

Ilt i åkksli=smerter i skulder

Rangauga

Rangauga=vrien type/vanskeleg.

Lykkjedl

Lykkjedl=nøkkel. Lukklahånki=nøkkelknippe. Fleire lukkla

Graomaosn

Graomaosn=brukt om ein som e grao i haore.

Fåra

Fåra=furutre

Enderøysa

Enderøysa= å snu ein ting andre vegen.

Miga

Miga=tissa/slao lens.De e å mange so seie dei ska ut å slao ein båge. Megnødig=tissetraingt

Fingerbjør

Fingerbjør=Ei fingerbjør e ein liten "kopp" so sydamedn brukte te å setta pao aine fingertuppen, førå ikkje fao illt i fingen, naor dai skulde yta naoli igjøno stoffet.

E og brukt som "ein liten skvett".So naor uttrykket e brukt om ain liten skvett, so e det so mykje so e plass te oppi ain slek liten fingerbeskyttelse so sydamedn brukte.

Stuv

Stuv=idiot/gap

Tølehåve

Tølehåve=tosk/idiot. Brukt om folk som har gjort noko dumt.

Raddla

Raddla/raddl=prata tull. Ein person som patar masse tull vert og kalla raddlebrok.

Kjessa


KJessa=eit vrak av ein bil/sykkel

Kest

Kest=kor hen eller ke hen

Pøk

Pøk=påse med øl

Pigga

Pigga=stikke/reise av garde. Eks:...Pigga ra kara?.

Køs & Dall

Køs/dall=morro/gøy/kjekt. To kongeord!

Paisa

Paisa/paisa på/paiste= Gje gass/køyra på.

Haise

Haise=svært/store sake. Eks: ...det va no so haise d kar.

Snek

Snek=lukt. Mest brukt i samnheng med vond (iddl) lukt. Eks: Fan fø ein snek da/kjenneru sneken. Eit anna ord med samme betydning: Aim/aimen

Fli

Fli=send meg/gje meg. Eks: Fli meg ein båresk (gje meg ein tallerk)

Diddl

Diddl=styr/pes. Eks: ..nei det bli so mykje diddl.Og brukt om noko lite/ubetydeleg

15. feb. 2007

Råtastamp

Råtastamp= om ein person som e giddalaus/lat Kan og nytta ordet Råtabrya

Gnetabog

Gnetabog=ein so bruka minimalt med paing/gnetn/spara. Kan og sei det e om ein person so ikkje "mige" vaott

Dretfadle

Dretfadle= Kort i dretfadle vil sei å vera kort i føtene eller vera liten i vekst.

Råtaføre

Råtaføre= e rett og slett råten/blaut/laus snø der du trakka jøno. Typisk påskeføre ette ein snøfattig vinter.

Haru gullhaor i røvi ra?

Haru gullhaor i røvi ra?= Brukt om folk som har flaks

Inkorleisi

Inkorleisi= på eit vis. Eks: Det går no inkorleisi-det går no på eit vis..

Ei god blåyta

Ei god blåyta=å ta seg ein skikkeleg fest. Rotblåyta vert og brukt.

Smaokjøe

Smaokjøe=småfisk E og brukt om smaoflaske med pils. Mårkakjøe e og mykje brukt, ei mårk e 250 gram. Ei mårkakjøa e dao sjålsagt 250 gram ja ... 3 merke, dao snakka me fisk. Kan og brukast om smaojente.

Fåakjakadn


Fåakjakadn=rompeballane(rompebaddladn)

Grodretn

Grodretn=so dretn at det ha grodd fast

14. feb. 2007

Hednarov

Hednarov/hedneroven= Me "yngre" ha brukt ordet på folk med ein ekstrem haorvekst/uflidd haorsveis...Historie frao lesar:Hugsar godt ein onkel tao meg so var plaga med att Geithusadn va på epleslang i hagen sin og dei travadn hadde langt haor adle. Kjem desse hednerovane inn att i hagen og eg ser dei so ska rei jaggu fao pao øyrekavringadn sine var eit fast utrykk

Dretstøvel & dretlake

Dretstøvel=dretlake= Dritsekk/idiot. Oftast brukt når ein skal seie noko nedvergande om ein person. Eks: Du din forbannare dretstøvel!

Dra no pao vaiggen

Dra no pao vaiggen= ein eldre variant av "dra t helvete".

Jøydd

Jøydd=å ha masse av noko. Eks: Peder hass Hermann var jøydd i paing....Utrykkjet kjem frå ordet gjord/laget.Og brukt om personar, spesielt ungar, som va feite. Han va godt jøydd, f.eks.

Tråtn

Tråtn= hevelse. Eks: Eg e so tråtn under augedn (dvs å ha påsa under augedn).

Steindølp


Steindølp= ein person som kastar stein vert frå gamalt av kalla ein steindølp.

Søg

Søg= bråk/støy. Kan erstattast med iloga, samme betydning.

Kviteråv

Kviteråv=ein person som e toskete/dum. Eks: Han e jo reine kviteråven!

Iloga

Iloga=bråk/støy.

Skapeluna

Skapeluna=ein person som gjere seg t.

Suvl

Suvl=når ein kun et det beste på middagstallerken (maula). Potet og grønsaker blir sløyfa men maular i seg biffen/steik/pølse.Eks: Haru sett ein slek suvl da!

Bårrn

Bårrn=overlegen. Eks: Måkje du vera so bårrn da kar.

Rainjast

Rainjast=å vera kranglete

Brokalommedn

Brokalommedn=bukselomme. Må uttalast med djup kraft, kling best.

Det bere lukst aover

Det bere lukst aover= når begeret e naodd/noko som gaor aover addle støvvleskaft/no får det vera nok!

Lurven

Lurven/Lurvete=Ustelt. Eks: Lurvete på haore=ustelt på håret

Bisken

Bisken=frokost (frukåst)

Lauga

Lauga= bada

Bresa seg

Bresa seg= overlegen. Eks: Sjao ko han bresa seg badn! eller : Ke ru brese re ette?

Fjålabete

Ein personleg favoritt! Fjålabete=plankebit/avkapp. Eks: Hakje ein fjålabete liggandes veit hæ?

Tesedn/tedn

Tese/tesedn=velbrukte gamle sko. Tedn=referera t kroppsdeler inni skodn.

Skreddl

Skreddl=skjer/rift/flenga. Eks: Haru ein vase med skjer eller liten sprekk...da haru skreddl i na ( i na= i den). Skreddl kan og bety "smeddl" (eit smell/brak).

Nabn

VettleHaovard – SigridOla – SigridOlaHaovard – SigridOlaKarl – PerOlina – Johanna på Bomben – Peder hass Hermann – Petra på Hotellet – Marthe i gardn.

Attebåtti

Attebåtti=attbunden – knytt saman. Takk besta i Børtnes:> På Tangen=attbåttn

Tridla

Tridla= kan brukast i fleire samanhengar - Tridla vogni/din tur å tridla(terningar da ein spela jatzy, eller JETTSI so bestefar min sa). Og brukt om folk som døyr. Eks: Han ha tridla.

Ho va gamadl so adle hauga

om du e byrja dra pao aori, so eru ikkje berre gamadl...men du e gamadl so adle hauga!...og dei ha lege der leinge!

Einsemedle

Einsemedle=åleina. Eks: Ho sit no der einsemedle..

Haolt

Om d e hålka ute..dao ere haolt. Meir om hålka lenger ne-i på bloggen.

Kamferdroffs

Droffs=drops. Aordølingen på Narvesen i Oslo, " Ha-rika ein påse me sleke kamferdroffs,hæ? ".

Kaftein

Kaftein=kaptein. Som nemnt leinger ne-i her på denna bloggen, so har "dei som bygde bygdi" ein eigen vri på ord/namn (nabbn).

Daoma

Daoma=kødda/tulla. Dei gamle sin versjon av "å kødda med nokon".

Koddla på sykkel

Koddla=køyrt i venda/velta. Detta ordet trur eg har røtedn frå Lærdal, eg plukka det opp av bestefar min som var Lærdølianar.

Å ha seg i venda

Å ha seg i venda= å detta i bakken/ramla over ende.

Tåddna

Tåddna= å bli turr. Eks: Du kan bruka bidnetvåga te å tåddna ein flå båresk

Steikjels

Steikjels= Tjukk feit kvit saus, servert saman med steikt salta feitt flesk. Feitt frå det steikte feite flesket skal blandast saman med den kvite feite sausn. Ikkje magert!!!

Maskinakake

Maskinakake=vafler

Soddl

Enkel matrett/frokostblanding frå krigen. Beståande av knefta flatbrød og mjålk (jeddna surmjålk)..servert i ein flå båresk (djup tallerk).

13. feb. 2007

Måle

Måle=bete/bit. Eks: Åstemåle=åstebete. Åstemåle kan og nyttast i samanheng med diskusjonar/utskjelling, eks: Du din forbannare åstemåle!

Spiddl

Spiddl=ein dråpe/liten mengde. Eks: Mykje brukt "av dei som bygde bygdi", når dei e på kaffibesøk og blir spurt om dei vil ha mjålk i kaffien. Svaret e stort sett nei..eller - Ja takk, ikkje mykje, berre ein spiddl.

Kanken

Kanken=fin/flott/stram. Eks: Kanken kar (stram kar):>

Kjibben

Kjibben /lika kjibben=fin/lika fin. F.eks: viss ein har hatt litt ilt og e blitt frisk att, så e ein lika kjibben.

Blesn

Blesn=oppblåst. Mest brukt ved oppblåst mage. Eks: Eg e so blesn i magen

Arvid I Osadn


Ein kjentmann og kultfigur i Aordal. Arvid Øren e kjent for sitt engasjement innan teater og frivilligesentralen. Når sant skal seiast so brukte Arvid to veker på å vøla (pussa) ein dørstokk i Ungdomshuset! Arvid fekk det velklingande namnet etter å ha vokse opp ved elvaosn. Osadn ligg ved halvøyi, i område rundt der nye vannrenseanlegget er bygd. Derfor Arvid I Osadn

Grøtele

Grøtele= gale/trist/forferdeleg. Eks: Nei det var no so grøtele d kara!

Agaslaust

Agaslaust=voldsomt. Eks: Nei so agaslaust da badn.

12. feb. 2007

Boddl

Boddl=den mannlege formeiringskjeppen. Tidlegare har me nemnt boddlehonk, som da e rognposen under formeiringskjeppen. Mykje brukt i denne samanhengen: ´Bannare boddl! (´bannare, ein forkortelse av Forbannare).

Patentsmørbrød

Patentsmørbrød = brødskive (skjeva) med karbonade og speilaigg oppå. Kosta i si tid 1,75 på Centrum Kafe(karbis).

Badn

Nei haru sett da badn. Badn=born. Vert brukt i ein litt nedlatande kommentar viss du ha gjort noko toske.

Hiva, hyva, heve eller hyft

Hiva=kasta. Eks: Du kan berre hiva heile dritn! Eg ha heve alt i båsn.....ha hyftan sa e badn

Kjåt-Smår-Aigg-Mjålk-Åst

5 om dagen..om ein ska halda seg friks t ein e aotteti

Sveddlkula

Sveddlkula=iskul/issvuddl. Ei sveddlkula førekjem ofta når det e hålke. Er du ein av "dei som bygde bygdi", er det tryggast å sko seg med bråddar på ein dag det e hålke.

Hålke

Hålke=glatt. Ere hålkeføre, da er det med andre ord "glatt ette vegadn".

Bidnetvåga

Me har tidlegare nemnt bidne,tvåga og fiddla. Eit klassisk meisterverk frå "dei som bygde bygdi". Bidnetvåga=oppvaskklut

Spøt

Strikking er pop i Aordal og skal ein strikka,..ja da treng ein spøtet sitt. Spøt= eit påbyrja strikkeprosjekt inkludert gadn (garn)/strikkepinnar.

Spint

Eks: Eg sprang opp på Fugleaosn spint aot leina. Spint=heilt

11. feb. 2007

Berrhovda

Berrhovda e eit velsmakande ord frå "dei som bygde bygdi". Berrhovda= å gå utan hodeplagg. Å gå utan HUA (lue) er det same som å gå berrhovda.

Bui

Bui=butikken. Eks: Haru vore på bui?

9. feb. 2007

Boddlehonk

Boddlehonk=pungen til mannfolki. Eit anna ord som og e mykje brukt, EISTEDN. Eks: Han sparka meg midt i boddlehonki/eistedn.

Bestbroki

Bestbroki= den finaste buksa. Eks: I jaftes tok eg på meg bestbroki. Når "dei som bygde bygdi" skal stasa seg opp tek dei jeddna (jeddna=kanskje) på seg bestbroki.

Bidne - bidni

Bidne= eit felles ord for det du et på, som tallerknar. Ambå=bestikk

Haru drete pao re?

Haru drete pao re?= har du gjort i broki?(broki=bukse)=har du bæsja på deg?.

Hi, hin og hitt

Forklarande ord som vert brukt i Aordal/Nordfjord og på Sunnmøre. Eks: På hi sida av fjellet (på andre sida av fjellet). Hent hin bilen (hent den andre bilen). Eg vil spela på hitt laget (eg vil spela på det andre laget). Hi/hin/hitt= andre

Føy

Eit ord som blir brukt til dagen av nesten alle aordøler. Føy=bakende/rompe/(rævi).

Knehasadn

Knehasadn=bak kneet

Sokkeseg

Sokkeseg= når sokkane e litt slappe i strikken og sig ned mot åkkla. (åkkla=ankelen)

Jaftes - Jerkveld

Nok eit spanande klassisk uttrykk. Brukt mest av dei som "bygde bygdi". Jaftes og jerkveld kjem frå samme rot og tyder: i gårkveld. I jaor=i går

Hent fiddla, eg buddla på broki

Klassisk uttrykk i Aordal. Ofta nemnt i godt lag der aordølingen skal lere østlendingen aordalsdialekt. Fiddla = fille/klut Buddla = søle/sølte Brok/broki = bukse. BUDDLA er og brukt i SNÅREBUDDL, men med ein anna vri. Eit anna ord for fiddla som og er mykje brukt, tvåga.

Bringesve

Bringesve=sure oppstøyt/brennesot. Eit anna ord som kan nemnast e Bringeværk=sut/dårleg samvit.

8. feb. 2007

Gap og dretnakke

Ofta brukt i samanheng med uenigheit/diskusjonar. Du din GAP (tosk)! ´bannare DRETNAKKE. Dret=drit.

Råtn

Råtn i vombi..(dårleg i magen). Ofta brukt etter inntak av store mengdar gassframkallande måltid,..som feks gravlaks (råtn fisk).Kan og brukast om personar som er late, eks: Han va tuppande råtn

Du din snårbuddl!

I Oslo seier dei snørr,..i Aordal ere SNÅR. Oslo brukar snørrvott,...Aordal brukar SNÅRBUDDL...betyr det samme, men kling betre her i Aordal.

Andres e friks og fin


Dei fleste gamle i Aordal hadde eigne gramatiske system når dei studerte på gamleskulen. Namn som Anders og Olav vert vridd t ANDRES og OLAF. Ordet FRISK (som: friskt ute i dag), vert vridd til FRIKS (frikst ute i dag). Du kan ta reksten om du vil..( du kan ta resten...)..Ny!! Raspolje=rapsolje.

Erling I Muren

Erling I Muren (budde ikkje inni ein mur!), ein fin fyr som jobba på gamle båsbilen. Han voks opp framme i muradn. Innlegg frå lesar: Du mao fao me at han Erling i muren va mykje brukt pao bassara naor det vart før mykje spetakkel i salen. Det vart ofta mykje ivrige kjeringa unde aoresalet og dao va re ofta at dei måtte fao opp han Erling te å lesa opp. Nai no høyre ikkje me noke bak i salen.... fao opp han Erling! Det va skaple røyst på den karen!

Skaru ha midtraik?

...sa frisøren ( Helgestad) t han Erling - i - muren. Midtreik= midtskill.

Martin Under Uri

Uri= ei ur....ein plass der som ingen kunne tru at nokon kunne bu...Han Martin budde under ei ur..Martin Under Uri.

Tøje i Kleivi

Tøje i Kleivi, ein fin fyr som sikkert vokks opp i Kleivi...ein plass i Aordal.

Å slao seg i tunnvangen

Haru slegest? (slaost) Ja eg slo meg i tunnvangen. Tunnvangen = Tinningen (øve augnebrynedn og litt te sies)

77 - 78 - 79 - AotteTi....

Klassisk måte for den eldre garden å telje på. Sett vekk frå Saukjan (17), Akjan (18) og Nikjan (19) er AotteTi (80) det talet som KUN vert brukt av "dei som bygde bygdi". Saukjan, akjan og nikjan blir og brukt av yngre som vil ha "respect". Men AOTTETI e ein vinnar!!!