21. apr. 2008

Homlepong

Homlepong= Homlepong eller humlepung var "påsen" som dei la humle (blomst og kongler - det som gjev bittersmaken)i når dei bryggja øl. Omtrent som ein tepåse (bitte liten striesekk). I dag brukar me det mest som eit godt meint skjellsord - vetle homlepongen! (Innlegg frå lesar)

Skrattla

Skrattla= å le

11. apr. 2008

Odd Tore går til poesien

Odd Tore Moen jobbar i desse dagar saman med produsent Joacim Styve og den nyskapande diktaren Per Kristian Kopperdal. Ei komplett diktsamling på ekta bugdamaol skal no verte å få på cd. " Odd Tore var ei stemme midt i blinken for mine dikt" - seier Per K. Kopperdal til Aordal. I fyrste omgang vert det eit lite opplag på rund 160 - 170.000, i Noreg. Vert dette godt motteke, ventar ein landsomfattande turné. Aordal har fått ein liten smak på verket, her kan du høyre " Fest i Avdalen"....